Netvibes «Ginger» utgåve

netvibes-ginger-main-72dpithumb.pngNetvibes neste versjon kalla Ginger er no ute i privat beta-versjon, og opnar opp full beta medio februar. I denne neste utgåva av Netvibes er det ein del nye funksjonar og småprogram. Men den største endringa er eit ekstra fokus på sosiale nettverk enn tidlegare, no får ein publisere sine eigne univers og kan i mykje større grad dele ting med andre.

Dei har også endra måten ein skriv småprogramma på slik at du no kan få småprogram frå alle andre leverandørar av småprogram som: Mac OS X Dashboard, iGoogle, My Yahoo, Windows Vista Gadgets,  iPhone.. Du kan også bruke netvibes småprogram på andre tenester etter denne endringa.

Eit knippe anbefalte webtenester som forenklar ein surfande kvardag

1. NetvibesPersonleg startside

Netvibes

Det finnes mange personlege startsider igoogle, yahoo++ Men netvibes er den eg føler meg mest heime i, den har eit stort utvalg av widgets og nyttige småapplikasjonar som forenklar kvardagen. Den har mange gode stilmalar ein kan velja, gode funksjonar for interaksjon, mulighet for å dele dashboard faner med ander og ikkje minst så har den stor språkstøtte til og med nynorsk.

2. Ma.gnolia – «Sosial bokmerking»

Ma.gnolia

Del.icious er jo litt grått og keisamt. Ma.gnolia er ein litt polert versjon av del.icious og mitt foretrukne val for å ta vare på mine bokmerker. Og dele dei med kollegaer og vener. Tida når det viktigaste ein kunne ta backup av var «Favorittane» sine er heldigvis over!

3. MindmeisterIdemyldring & strukturkart

Mindmeister

Eit kjapt og flott verktyg for mind mapping og strukturkart. Sjølvsagt kan ein dele karta med andre, det er jo ikkje ei moderne webteneste utan? Det einaste som er bakdelen med denne tenesta er at den ikkje er heilt gratis, ein har ei maks grense på antall kart. Men det er vel verdt å investere i fleire om ein er flittig brukar av mind mapping.