Idea (Institute for Dynamic Educational Advancement) er ei «nonprofit»-organisasjon som anarkjenner internett si rolle i læring. Og som jobbar for å gjere internett som medium meir brukarvennleg og gjere informasjonen på internett meir tilgjengeleg.
Dei har gitt ut ein rapport med deira viktigste funn etter ein spørreundersøkelse på kva faktorar som driv den positive brukaropplevinga på nettsider. Dei hadde tre målgruppe som blei spurt i undersøkinga:
- ideelle organisasjonar
- webdesignerar
- folk flest – brukarane
Hovedfunna og konklusjonane deira:
Webdesignerar undervurderer terskelen for ei effektiv nettside.
Dei spurte blant folk fleste meinte at dersom ei nettside var effektiv så respekterar nettsida deira foreventningar og let dei finne informasjonen sin raskt, utan å gå seg bort på nettsida. Undersøkelsen viser at brukarane hadde vektla effektiviteten som eit suksesskriterie med minst 1 poeng(på ein 5 poengskala) høgare i sine svar enn det dei spurte designerane svara.
Dei konkluderar med at ein som webddesigner må leggje større vekt på kor effektiv nettsida er på å gi brukarane den informasjonen dei er ute etter.
Enkel tilgong til komplett informasjon er nøkkelen til ei positiv brukaroppleving.
Både dei spurte designerane og besøkjarane meiner at å redusere avstanden mellom den informasjonen nettsider gir og kva brukaren søkjer er kritisk for å skape ei positiv brukaroppleving. Disse faktorane bestemmer 25% til 30% brukaropplevinga.
Dette viser at å gjere det lett for brukaren å finne informasjonen ein er ute etter, er eit svært viktig suksesskriterie for dei fleste nettsider.
God visuelldesign og oppdatert informasjon er avgjerande.
Heile 80% av webdesignerane og organisasjonane meinar at visuelldesign er viktig. 50% av brukarane seier seg einige i dette. 80% av organisasjonane og brukarane meiner at oppdatert informasjon er svært viktig. Berre 60% av webdesignerane trur at dette er tilfelle.
Dei konkluderar med at ein i budsjetteringsfasa ikkje skal la seg bli overrumpla av «fancy»-design og multimedia. Men å investere i sterke, klare og enkle metodar for å levere oppdatert innhald til brukarane.
Brukarar ynskjer informasjon kjapt.
Brukarane er ute etter nettsider som på ein enkel og kjapp måte let dei navigere til den informasjonen dei er ute etter. Mange av dei spurte kommenterar at hastigheten til nettsider er avjgerande for brukaropplevinga.
Sjølv med dagens breidband-situasjon er brukarane opptekne av at nettsider skal være raske å laste og leverere informasjonen dei treng raskt..
Brukarar ynskjer eit bredt spekter av emner.
I forhold til webdesignerane og organisasjonene meinar brukarane at eit bredt spekter av emner er viktig. Brukarane meinar at nettsider kan være meir effektive dersom dei hjelp brukaren til å finne anna interessant informasjon enn akkurat den informasjonen dei var ute etter.
Ein webdesigner kan utvikle sidefelt som hjelp brukaren til andre sider som kan være relevante for det brukaren søkjer.
Webdesignerane er altfor optimistiske til brukaranes evne til å orientera seg.
70% av webdesignerane trur at brukaren veit kor han er på nettsida, kor han kan navigera seg til og kva informasjon som har slektskap. 30% av dei spurte organisasjonane trur at brukaren kan orientera seg greit på nettsider. Medan berre 10% av dei spurte brukarane trur at dei klarar å orientera seg på nettsider.
Brukarane kjenner ikkje til nettsida like godt som du gjer, sørg for at det er klart for brukaren korleis han kan orientere seg på nettsida.
Brukarar ynskjer assistanse på nettsider.
Undersøkinga spurte korleis brukarane ville reagere mot å ha personleg assistanse som hjelpemiddel på nettsider. 70% av brukarane og organisasjonane meinte at dette kunne auke effektiviteten til ei nettside. Men berre 50% av webdesignerane meinte det same.
Webdesignerane har ein tendens til å overvurdere klarheten i nettsidene dei designar.
Brukarane hevdar at mangel på bredde- og dybdeinformasjon på nettside skapar eit informasjonsgap.
Sjølv om 90% av dei spurte hevdar at dei finn informasjonen dei leitar etter på nettsider, hevdar 50% at det er eit gap mellom det dei faktisk leitar etter og det dei fleste nettsider gir av informasjon.
Dei påpeikar at lokale søkemotorar og personleg assistanse på nettsider kan hjelpe brukarane å finn det dei faktisk leitar etter.
Min konklusjon som webdesigner:
Ein meget interessant rapport dette som påpeikar mange viktig faktorar med å gi ei positiv brukaroppleving av nettsider. Eg håpar at dette ikkje resulterar i mange «personlege assistentar» som den irriterande «bindersen» i office på nettsider. Men å senke optimismen ein som webdesigner har i forhold til brukarens evne til å finne rett informasjon på nettsider, og ha større fokus på å hjelpe brukaren til lykkes med å finne det han leiter etter er noko ein bør ha sterkare fokus på. Eg skal iallefall prøve å ta med meg disse faktorane i mine kommande prosjekter.
Er folket elles einige i konklusjonane til Idea?
Ja. Det passer godt med det jeg selv har tenkt. Det er nok mange som synes det er vanskelig å navigere rundt på nettsteder. Det er lett for oss garvede nettbrukere å overvurdere hvor komfortable andre er med nettbruk. Selv i 2008. Og alle nettbrukere er utålmodige. Man vil ha det man vil ha, og man vil ha det med en gang. For å være ærlig synes også jeg at det kan være vanskelig å finne fram på enkelte nettsteder, spesielt de stedene som er overlesset med fancy grafikk og kule features.