Det finnes mange gode ressursar for å finne gode bilder/foto, ikoner og illustrasjonar ein kan kjøpe på internett også norske motiver. Det er typisk at ein kjøper bilder frå bildebyrå som formidlar bilder på vegne av fotografane. Av og til kjøper ein gjerne direkte frå fotograf, men det er ei sjeldan metode(td. ved å kontakte fotografar til bilder ein finn via flickr / google).
Nokre er gratis men disse bildene har ofte restriksjonar på kommersiell bruk. Andre kostar pengar men kan brukast fritt, med mindre det er royalty på dei. Eg brukar nesten utelukkande kjøpte bilder for å være sikker på at det ikkje vert noko kluss med rettighetar.
Når ein skal kjøpe bilder er bildene ein kan kjøpe ofte delt opp i 2 kategoriar:
- RF – Royalty Free kjøpebilder
Bilder som du fritt kan bruke uavhengig av plassering, opplag og brukstid. Men du kan ikkje selgje dei vidare. - RM – Rights Managed Bilder
Bilder som er RM vert prisa etter korleis dei skal brukas. Ting som vil påverkar prisen er plassering, opplag, størrelse og brukstid.