Inspirerande gratis fonter frå deviantART

For mange år sidan då eg enda var ung og sprelsk, posta eg eit og anna foto og illustrasjon på ein nettstad som heitte DeviantART. Det var stort sett grunge aktige arbeider ein kunne sjå på nettstaden. Etter ei tid gjekk eg naturleg nok lei av å delta på denne nettsida.

Men no har den vakse, og blitt til ein stor portal med alle slags arbeider samt ein god ressursbank der brukarane deler fontar, tutorials og andre nyttige ting med kvarandre. Her blei eg tipsa via ein anna blogg om at de var mange gode fontar ein kunne benytte. Her følgjer nokre av mine favoritt eksempel:

Gratis font: Anivers

anivers_4.gif

Ein blog fyller år og ein gratis font vert laga for å feira det, sikkert teikn på at ein blog er populær eller kva?

» The name Anivers –as you might have guessed– is derived from the word anniversary. Anivers celebrates the anniversary of Smashing Magazine. »

Fonten ser temmeleg bra ut også, men den er ikkje tilgjengeleg i andre variantar enn Regular.
Klikk her for å laste ned gratis font