Dersom ein følg statistikken til w3schools som eg blogga om tidligare så ser det ut som om 800×600 går i 0 i løpet av 2009, dette er jo store saker! Iallefall for Noregs største( i følge TNS Metrix sine målingar på besøkstall i uke 25 2008 ) VG Nett, dersom dette stemmer kan det hende dei kan innføre litt luft i layouten sin i 2009.
Stikkord: 800×600
Snart forbi 1024 kneiken?
Om ein les statistikken til W3schools frå 2000 og fram til i dag så fortel den ei historie om korleis utstyret me brukar for surfe på internett endrast. Det kan faktisk sjå ut til at 1024×768 skjermoppløsninga* dukkar under for større skjermoppløsningar* (*= usikker på om det finnes eit betre nynorsk ord her) i løpet av 2009. Dette er jo ei gledeleg utvikling for oss som er glade i å ha litt luftige og store nettsider!