Nye VG.no blir 1200px

 

VG Nett informerar i disse dagar annonsørane sine om den nye forsida til vg.no som får nytt design tirsdag den 24. november. Dei opplysar også at artikkelsidene vil inntil vidare være de samme. Du kan få ei forsmak på nye vg.no i ein presentasjon dei publiserte på VG Annonseinfo under overskrifta: «Velkommen til et bredere VG Nett!» Her følgjer nokre utdrag frå presentasjonen og mine tankar kring nye vg.no:

Burde VG NETT våge å forlate 800×600 i 2009?

Dersom ein følg statistikken til w3schools som eg blogga om tidligare så ser det ut som om  800×600 går i 0 i løpet av 2009, dette er jo store saker! Iallefall for Noregs største( i følge TNS Metrix sine målingar på besøkstall i uke 25 2008 ) VG Nett, dersom dette stemmer kan det hende dei kan innføre litt luft i layouten sin i 2009.

Snart forbi 1024 kneiken?

Om ein les statistikken til W3schools frå 2000 og fram til i dag så fortel den ei historie om korleis utstyret me brukar for surfe på internett endrast. Det kan faktisk sjå ut til at 1024×768 skjermoppløsninga* dukkar under for større skjermoppløsningar* (*= usikker på om det finnes eit betre nynorsk ord her) i løpet av 2009. Dette er jo ei gledeleg utvikling for oss som er glade i å ha litt luftige og store nettsider!