Webdesign trender: flash-karusell-galleri-tekst-meny?

Flott tittel! Eg er berre litt usikker på kva eg skal kalle dette for, og er open for betre forslag. Disse flash-karusell-galleri-tekst-menyane er i allefall fine og eg likar godt å navigere i dei. Eg såg dei første gongen hos Apt men no som eg også har sett noko liknande hos det «nystarta» byrået Magma så må det jo være ei trend.

Trender i webdesign: illustrasjonar

I det siste har eg kome over stadig fleire ilustrasjonar innan webdesign, og då spesielt karakter- eller maskott-illustrasjonar. Dette er ein god måte å gjere ei nettside meir «personleg» eller «meneskeleg». Det gir også eit visuelt særpreg, iallefall om illustrasjonen er særegen og god. Denne trenda har eg planar om å hive meg på sjølv på eit prosjekt eg har i tankane, så får me sjå om den fungerar i praksis – meir info om dette prosjektet seinare.. Her følg nokre «gode» eksempler på bruk av illustrasjon som visueltverkemiddel i webdesign.