Best på nett: oktober 2008

Eg prøver meg på ei ny månadleg spalte her som eg ser dei fleste design-bloggar har «det beste på nett». Litt feil tittel eigentleg, det burde være «det eg hugsar at eg har surfa på og tykte om på nett i oktober 2008». Men er følgjer litt av mine nettfunn i oktober 2008, vonar at det smakar bra 🙂 

Domainr

Artig verktøy for å lage «sære» og originale domenenamn som td. webdesi.gn domai.nr

Trender i webdesign: svart tre

Mørkt og svart tre er ei trend som har vore i vinden på interiør- og designfronten i det siste.  Dette gjenspeglar seg sjølvsagt også som trend innan webdesign.  Dersom du føler deg inspirert og har lyst til å  lage litt «trendy» bakgrunnar med mørkt og svart tremønster sjølv. Kan eg anbefale iStockphoto sitt utval på mørk tretekstur. Eventuelt kan du jo ta eit foto av eikeparketten eg er sikker på at du har beina godt planta på og forvandle det til svart mørkt gulv i photoshop.

Her kjem ei samling av inspirerande websider som tar i bruk mørkt tre som visuelt verkemiddel.

Inspirerande gratis fonter frå deviantART

For mange år sidan då eg enda var ung og sprelsk, posta eg eit og anna foto og illustrasjon på ein nettstad som heitte DeviantART. Det var stort sett grunge aktige arbeider ein kunne sjå på nettstaden. Etter ei tid gjekk eg naturleg nok lei av å delta på denne nettsida.

Men no har den vakse, og blitt til ein stor portal med alle slags arbeider samt ein god ressursbank der brukarane deler fontar, tutorials og andre nyttige ting med kvarandre. Her blei eg tipsa via ein anna blogg om at de var mange gode fontar ein kunne benytte. Her følgjer nokre av mine favoritt eksempel: