Best på nett: oktober 2008

Eg prøver meg på ei ny månadleg spalte her som eg ser dei fleste design-bloggar har «det beste på nett». Litt feil tittel eigentleg, det burde være «det eg hugsar at eg har surfa på og tykte om på nett i oktober 2008». Men er følgjer litt av mine nettfunn i oktober 2008, vonar at det smakar bra 🙂 

Domainr

Artig verktøy for å lage «sære» og originale domenenamn som td. webdesi.gn domai.nr

Farge trender 2009

I følge Clariants fargetrend rapport for 2009 «ColorForward» vil fargene i 2009 påvirkes av fire tema: «Grow Your Own future», «Global Repositioning», «Duality» og «Mosaic». Desse fargane er nok ikkje spesielt valgt ut med tanke på webdesign, men ein kan la seg inspirere av dei uansett.

«Grow Your Own Future»

Ny layout er implementert

Ein dag ut i ferien min og eg har endeleg gjort siste finpuss på den nye layouten til bloggen. Eg vonar at den ikkje er blitt heilt utdatert i den lange prossesen med å gjere den ferdig.

Framover vil det kome mange spanande artiklar som eg har planlagt, men som har blitt lagt på is innan det nye designet var på plass.

Kommenter gjerne om du skulle oppdaga bugs..

Web Trend Map 2008 Beta

Web Trend Map 2008 Beta

Ei imponerande samling av dei 300 mest inflytelsesrike og suksessrike nettsidene er samla og illustrert som togkartet for Tokyo.  Du får kartet både som interaktiv RSS lesar og som A0 poster. Ei perle å ha på veggen iallefall om ein likar togkart og nettsider. Sjå det hos Information Architects Japan

Amy Editor – Rediger html, xhtml, JavaScript, Ruby, PHP og CSS Online

Amy Editor

Amy Editor er eit tekst og kode redigeringsverktøy på nett. Aplikasjonen let deg skrive kode og markup enkelt og raskt i nettlesaren din. Og har gode muligheter for å dele filer med andre.

Aplikasjonen støtter JavaScript, Ruby, PHP, C#, Java, HTML, YAML, CSS, XHTML osb. Den har syntaksmarkering, kode samling (du kan «minimere» linjer med kode), ubegrensa angring, mulighet for å skreddersy hurtigtaster og endre farge-tema for aplikasjonen.

Det heile er pakka inn i oversikteleg og luftig apple inspirert GUI. Ein god og gjennomført aplikasjon, slit kanskje litt med konseptnamnet Amy Editor? Men det kan være greit å ha ein slik editor tilgjengeleg om ein er på maskinar utan gode verktøy for utvikling.

Netvibes «Ginger» utgåve

netvibes-ginger-main-72dpithumb.pngNetvibes neste versjon kalla Ginger er no ute i privat beta-versjon, og opnar opp full beta medio februar. I denne neste utgåva av Netvibes er det ein del nye funksjonar og småprogram. Men den største endringa er eit ekstra fokus på sosiale nettverk enn tidlegare, no får ein publisere sine eigne univers og kan i mykje større grad dele ting med andre.

Dei har også endra måten ein skriv småprogramma på slik at du no kan få småprogram frå alle andre leverandørar av småprogram som: Mac OS X Dashboard, iGoogle, My Yahoo, Windows Vista Gadgets,  iPhone.. Du kan også bruke netvibes småprogram på andre tenester etter denne endringa.