Mange har venta lenge på at Google skal lansere sitt API for Google Analytics. Dette har dei no gjort i følge Google Analytics Blog. Google Analytics er eit gratis verktøy for avansert webanalyse og måling av nettsider. Sjølv brukar eg det mykje på mine personlege prosjekt, men også for å forsikre kundar om at nettsidene deira når dei måla dei skal.
APIet vil gjere det mogleg for utviklarar å utvide Google Analytics på nye og kreative måtar som vil gi enda meir nytte og tilgjengelighet av webstatistikken for bedrifter og brukarar. Det kan også intergrerast i eksisterande produkter som i dag selges med meir eller mindre avansert webstatistikk. Snart er det vel nyhetsbrev frå dei fleste leverandørane av publiseringsløsninger om at dei no har utvida «sin» webstatistikk for å gi kundane meir verdi for pengane sine.