Best på nett: oktober 2008

Eg prøver meg på ei ny månadleg spalte her som eg ser dei fleste design-bloggar har «det beste på nett». Litt feil tittel eigentleg, det burde være «det eg hugsar at eg har surfa på og tykte om på nett i oktober 2008». Men er følgjer litt av mine nettfunn i oktober 2008, vonar at det smakar bra 🙂 

Domainr

Artig verktøy for å lage «sære» og originale domenenamn som td. webdesi.gn domai.nr

Alt du veit om CSS er feil!

 

Alt du veit om CSS er feil!, slik lyder tittelen på ei ny bok frå Sitepoint: «Everything You Know About CSS Is Wrong!«. Boka viser deg nye teknikkar i CSS som gjer at du slepp avanserte flyte-layoutar og «hacks» for å få webdesignet på stell med CSS-basert layout. Dei påstår at det skal bli lettare å bruke CSS, noko som høyres ut som ein kjedeleg kvardag tykkjer eg.

Webdesign trender: flash-karusell-galleri-tekst-meny?

Flott tittel! Eg er berre litt usikker på kva eg skal kalle dette for, og er open for betre forslag. Disse flash-karusell-galleri-tekst-menyane er i allefall fine og eg likar godt å navigere i dei. Eg såg dei første gongen hos Apt men no som eg også har sett noko liknande hos det «nystarta» byrået Magma så må det jo være ei trend.

jParallax – javascript «teiknefilm perspektiv»

jParallax er eit stilig javascript som let deg lage interaktive teiknefilm perspektiv ved hjelp av overlappande nivåer i td. ei <UL>liste. Denne perspektivforma er kjent frå mykje av Disney sine teiknefilmar, eg trur den kom i Jungelboken første gong. Artig å sjå dette gamle trikset brukt i webdesign. Overlappande perspektiv har vore litt i vinden i det siste, det vart også brukt på Silverback nettsida. Javascriptet byggjer på jQuery-biblioteket som svært mange alt brukar i webdesign for tida.

Sjå demoar og les meir om jParallax her

Faktorar som aukar brukaropplevinga på nettsider

Idea (Institute for Dynamic Educational Advancement) er ei «nonprofit»-organisasjon som anarkjenner internett si rolle i læring. Og som jobbar for å gjere internett som medium meir brukarvennleg og gjere informasjonen på internett meir tilgjengeleg.

Dei har gitt ut ein rapport med deira viktigste funn etter ein spørreundersøkelse på kva faktorar som driv den positive brukaropplevinga på nettsider. Dei hadde tre målgruppe som blei spurt i undersøkinga:

  1. ideelle organisasjonar
  2. webdesignerar
  3. folk flest – brukarane

Hovedfunna og konklusjonane deira:

Dei 10 bud for webdesign

Eg kom over ein artig artikkel i BusinessWeek for nokre veker sidan, og tenkte at eg skulle dele den med det norske webdesign miljøet. Men i staden for å berre sende ei lenkje, oversette eg den like godt (nokså fritt) til norsk. De kan lese original artikkelen her: The 10 commandments of Web Design

Artikkelen har mange gode punkter, og enkelte som kanskje ikkje er like viktige; de får avgjere sjølve.

1. Du skal ikkje misbruka Flash

Adobes populære webanimasjonsteknologi kan køyre alt frå store overdådige webkampanjar for dei

Trender i webdesign: svart tre

Mørkt og svart tre er ei trend som har vore i vinden på interiør- og designfronten i det siste.  Dette gjenspeglar seg sjølvsagt også som trend innan webdesign.  Dersom du føler deg inspirert og har lyst til å  lage litt «trendy» bakgrunnar med mørkt og svart tremønster sjølv. Kan eg anbefale iStockphoto sitt utval på mørk tretekstur. Eventuelt kan du jo ta eit foto av eikeparketten eg er sikker på at du har beina godt planta på og forvandle det til svart mørkt gulv i photoshop.

Her kjem ei samling av inspirerande websider som tar i bruk mørkt tre som visuelt verkemiddel.

Trender i webdesign: illustrasjonar

I det siste har eg kome over stadig fleire ilustrasjonar innan webdesign, og då spesielt karakter- eller maskott-illustrasjonar. Dette er ein god måte å gjere ei nettside meir «personleg» eller «meneskeleg». Det gir også eit visuelt særpreg, iallefall om illustrasjonen er særegen og god. Denne trenda har eg planar om å hive meg på sjølv på eit prosjekt eg har i tankane, så får me sjå om den fungerar i praksis – meir info om dette prosjektet seinare.. Her følg nokre «gode» eksempler på bruk av illustrasjon som visueltverkemiddel i webdesign.

9 nettsider en webdesigner skal kjenne til

9 webdesign linker en webdesigner må vite om

Her får du presentert 9 nettsider du skal kjenne til om du er interessert i webdesign ( og hvis du ikkje alt gjer det, så er det gode nettsider å besøke på jevnleg basis). Eg brukar sjølv aktivt disse sidene til å finne inspirasjon og oppdatere meg på nye ting som skjer i markedet.