Mange har venta lenge på at Google skal lansere sitt API for Google Analytics. Dette har dei no gjort i følge Google Analytics Blog. Google Analytics er eit gratis verktøy for avansert webanalyse og måling av nettsider. Sjølv brukar eg det mykje på mine personlege prosjekt, men også for å forsikre kundar om at nettsidene deira når dei måla dei skal.
APIet vil gjere det mogleg for utviklarar å utvide Google Analytics på nye og kreative måtar som vil gi enda meir nytte og tilgjengelighet av webstatistikken for bedrifter og brukarar. Det kan også intergrerast i eksisterande produkter som i dag selges med meir eller mindre avansert webstatistikk. Snart er det vel nyhetsbrev frå dei fleste leverandørane av publiseringsløsninger om at dei no har utvida «sin» webstatistikk for å gi kundane meir verdi for pengane sine.
Men det vil forhåpentleg også kome mange nyttige 3.part tenester som koblar webstatistikk mot andre forretningsområder. Kva med ei kobling mellom målsporing av kontaktskjema mot salgssytemer for å kunne måle nøyaktig verdi av dei ulike besøkande?
Les meir om Google Analytics API her:
Og avslutningsvis kva ynskjer du å sjå som eit resultat av at Google Analytics API er ute?