I det siste har eg kome over stadig fleire ilustrasjonar innan webdesign, og då spesielt karakter- eller maskott-illustrasjonar. Dette er ein god måte å gjere ei nettside meir «personleg» eller «meneskeleg». Det gir også eit visuelt særpreg, iallefall om illustrasjonen er særegen og god. Denne trenda har eg planar om å hive meg på sjølv på eit prosjekt eg har i tankane, så får me sjå om den fungerar i praksis – meir info om dette prosjektet seinare.. Her følg nokre «gode» eksempler på bruk av illustrasjon som visueltverkemiddel i webdesign. CreamScoop Web Development EllisLab Enrichmint Joyent Matt Hamm Dette skal jo være ein norsk blogg om webdesign, men eg har ikkje kome over noko som skill seg ut med karakterillustrasjonar. Nokon som har sett spor av dette i norsk webdesign?
5 comments
Comments are closed.
Fine eksempler 🙂
OG meget så fin blogg du har. Sist gang jeg var innom tror jeg ikke designet var slik…?
Hmmmm … mulig du er inne på noe der, men vet ikke om dette varer. Skikkelige bilder av ekte mennesker er vel bedre?
Mia:
Takk for det! Nei, det tok si tid, men til slutt blei eg ferdig med eige design på bloggen. Før var det eit eller anna «fjongt» gratis design.
Gunnar Andreassen:
Eg trur at det alltid vil være nokon som velgjer å bruke stiliserte illustrasjonar i staden for mennesker. Eg trur at ein hugsar betre ein «maskott» med særpreg enn eit foto av mennesker?
Eller kanskje det heller er lettare å lage ein illustrert-maskott med særpreg enn det er å ta eit foto med særpreg?
Dette med «best å bruke ditt eller datt» kjem meir på kva budskap det skal gje. Dog, eg likar absolutt bruken av illustrasjonar framføre foto av mennesker for å presentere noko.
Berre det er gjennomført 😀
Eit eksempel til:
http://veerle.duoh.com/
Gjennomført er eit viktig poeng – nokså unviserselt i mange samanhengar, ikkje minst innan visuell kommuniasjon.
Verle ja, hehe den er eg så «vande» med å sjå at eg ikkje kom på at den er med på ei «trend». Verle må forresten være ei av dei tidlege her, for ho har brukt sitt illistrerte alter ego ei god stund no?