Ny bloggplattform i Flash

Det kjente internettbyrået Fantasy Interactive (FI) i Sverige har i lengre tid utviklet ein gratis bloggplattform i Flash – Kontain. Dei byrja utviklinga då dei lanserte sin eigen blogg i Flash – ThinkSwedish. Gjengen i FI har i mange år satt standarden for moderne rik-media-aplikasjonar på nett, dei har etter mi meining teke over knivegg-statusen til 2advanced som var «heltane» for nokre år sidan.

Eg har gledd meg til å kike på denne bloggplattformen i lengre tid, og i dag kom endeleg ALPHA invitasjonen. Så eg var rask å registrere ein konto, det må eg sei var ei av dei betre registrerings-opplevinga eg har vore borti. Deiforsterka enkelheten i å registrere seg og hadde akkurat nok hjelpemiddel til at det blei eit frydefullt «oppdrag».

Alt er svært brukarvennleg og «vakkert», å laste opp bilder og film gjekk også veldig greit og raskt. Men tekstredigeringa var skuffande, det var om trent som å fylle ut ein standard liten tekstboks. Eg hadde venta meg litt meir muligheter i ei flash-basert tekstredigering. Eg vart også litt skuffa over kor lite kontroll ein har over presentasjonen sin, du har ein ting du kan endre på og det er «Fulltekst» eller «Samandrag» på førstesida.

Alt i alt så har eg nok litt feil utgangspunkt, målgruppa til Kontain er folk som ikkje kan sette opp bloggar sjølv med HTML og CSS og som berre treng ein stad å skrive beskjedar under videoklipp, bilder og lydfiler. For ein nybegynnar utan avanserte bloggambisjonar så er dette eit svært brukarvennleg alternativ. Men eg venta meg eit WordPress alternativ i Flash, og det var det så absolutt ikkje. Blogger ol. blir jo avansert i forhold.

Men det er kanske eit frampeik på morgondagens WordPress konkurrent.

3 comments

  1. hehe jaja, og eg burde retta det.. men dette er jo ein blogg så for å oppretthalde imaget som impulsiv bloggar må eg skrive litt feil her og der. Men eg kan love deg at det fleire som søkjer på utviklet enn utvikla 😉

    Frustrerande i grunnen at google ikkje likestiller nynorsk og bokmåls ord.. 🙁

Comments are closed.