Det var vel på tide at nokon lanserte miljøvennlege fontar også? Ecofont er ein font basert på den frifonten Vera Sans, kor det er laga hull i alle teikn. Prinsippet er jo genialt enkelt – ved å bruke Ecofont, bruker du mindre blekk, altså er den meir miljøvennleg.
Kategori: typografi
Samling av inspirerande design-, illustrasjon- og typografilenkjer
Her følgjer 9 lenkjer eg har lagt merke til den siste veka og som eg gjerne deler med dykk. Håpar at noko fall i smak:
Inspirerande gratis fonter frå deviantART
For mange år sidan då eg enda var ung og sprelsk, posta eg eit og anna foto og illustrasjon på ein nettstad som heitte DeviantART. Det var stort sett grunge aktige arbeider ein kunne sjå på nettstaden. Etter ei tid gjekk eg naturleg nok lei av å delta på denne nettsida.
Men no har den vakse, og blitt til ein stor portal med alle slags arbeider samt ein god ressursbank der brukarane deler fontar, tutorials og andre nyttige ting med kvarandre. Her blei eg tipsa via ein anna blogg om at de var mange gode fontar ein kunne benytte. Her følgjer nokre av mine favoritt eksempel:
Gratis font: Anivers
Ein blog fyller år og ein gratis font vert laga for å feira det, sikkert teikn på at ein blog er populær eller kva?
» The name Anivers –as you might have guessed– is derived from the word anniversary. Anivers celebrates the anniversary of Smashing Magazine. »
Fonten ser temmeleg bra ut også, men den er ikkje tilgjengeleg i andre variantar enn Regular.
Klikk her for å laste ned gratis font
Gratis font: Kegger collegiate
Ein artig og sportsleg font. Skaparen forklarar den best sjølv:
«a king-size collegiate slab-serif athletic font»
Kort om fontlisenser
Me fekk eit opplysande brev om fontlisenser på jobben frå Luth. Som i all enkelhet forklarar korleis ein får lov å bruke fontar.
Dette HAR du lov til: