Ein søkemotor til å herske over dei alle..

Martin Bekkelund viser i artikkelen «Ikke at det betyr noe» søkemotor statistikk for bloggen sin. Den viser klart og tydeleg kor «mektig» Google sin posisjon som søkemotor er. Eg har omtrent dei same tala for min blogg som de ser over. Og poster denne artikkelen for å vise at dette absolutt er ein tendens,  dette er nok utbredt på dei fleste bloggar. Dersom ein er ei bedrift vil ein kanskje ha litt større treff frå kvasir-søk då målgruppa for bedriftsmarknaden er litt annleis enn det er for bloggmarknaden. Men også her vil ein nok sjå at Google tronar høgt over dei andre og framstår som søkemotoren med søkevolum frå ein anna liga enn resten av gjengen.

Legg merke til Sesam som siste blant mine topp-5 søkemotor-trafikk-kjelder, dei er jo kjøpt opp av Schibsted og har som mål å bli leiande på søk i Noreg. Dei har eit stykke att ser det ut til..