Det blir stadig vanskelegare å promotere ein blogg om webdesign laga av ein webdesigner – utan at webdesign er nytta i utforminga av bloggen. Men det gledar meg å kunne meddele at det skjer ting i kulissane bak bloggen!
Her er ein snikkikk på fargetemaet og typografien på det nye designet som snart vil være til stades på bloggen.
Nokre detaljar er på plass …
Det går bra med prosessen iallefall fram til «sidebar» skulle løysast, vanskeleg å presentera så mykje informasjon på ein ryddig og lekker måte. Men det kjem til å løyse seg på eit vis. Den nye layouten vil ha fokus på fireisland.no som «brand» og ikkje berre eit påklistra bloggnamn, nokre visuelle virkemiddel som vil være tilstades er: tekstur, struktur, «whitespace», dybde, oransje, kvit, stramme liner og minimalisme.
Oh, virkar lovande! No må eg nesten innom her ein gong til i nærare framtid for å sjå resultatet 😀
Hils madammen!
glede meg allerede!
eg har btw tatt opp bloggleda att, så berre til å komme innom å sjekke i ny og ne!
koss går det ellers i hansabyen?