Snart forbi 1024 kneiken?

Om ein les statistikken til W3schools frå 2000 og fram til i dag så fortel den ei historie om korleis utstyret me brukar for surfe på internett endrast. Det kan faktisk sjå ut til at 1024×768 skjermoppløsninga* dukkar under for større skjermoppløsningar* (*= usikker på om det finnes eit betre nynorsk ord her) i løpet av 2009. Dette er jo ei gledeleg utvikling for oss som er glade i å ha litt luftige og store nettsider!

Farge trender 2009

I følge Clariants fargetrend rapport for 2009 «ColorForward» vil fargene i 2009 påvirkes av fire tema: «Grow Your Own future», «Global Repositioning», «Duality» og «Mosaic». Desse fargane er nok ikkje spesielt valgt ut med tanke på webdesign, men ein kan la seg inspirere av dei uansett.

«Grow Your Own Future»

Firefox 3 – det du treng å vite

Endeleg kom Firefox 3, denne oppgraderinga likar eg svært godt. Dei har gjort mange lure forbetringar med produktet sitt. Ikkje minst har dei vore flinke å tilpasse brukergrensesnittet til det operativsystemet ein sit på. Internet Explorer -ish Eg vil påstå at å leggje seg så tett opp mot Microsoft sin visuelle profil på Windows versjonen av Firefox 3 kan hjelpe dei å stele markedsandelar frå den "store stygge ulven" Internet Explorer. Internet Explorer 7, virkar uoversikteleg i forhold til Firefox 3, som ser nokså lik ut. Firefox 3 har meir brukarvennleg plassering av dei viktigaste valga. Eg har til dømes opplevd at kundar ringjer inn til oss på jobb fordi dei ikkje lenger finn  oppdater- og hjemknappen, når dei oppgraderar til Internet Explorer 7. Mitt tips vil no være bytt til Firefox 3, for ei betre brukaroppleving. Firefox 2 vart for ulik Internet Explorer til at dette lot seg gjere, men Firefox 3 ser jo ut som IE 7 berre meir logisk og reinare. Hastighet Den går faktisk raskare på min gamle G5 maskin enn Firefox 2 gjorde, det er eit stort høydepunkt! Starter heile 3 sekund raskare 😀 Plugins Ikkje alle plugins virka direkte, så eg måtte spore opp at nokre av dei på nytt. Du finn dei viktigaste her: Firebug i Firefox 3 Her måtte eg bruke Firebug 1.2.0b3 for å virke i Firefox 3 Last ned Firebug til Firefox 3 her Web Developer Toolbar i Firefox 3 Her måtte eg bruke Web Developer Toolbar 1.1.6 for å virke i Firefox 3 Last ned Web Developer Toolbar til Firefox 3 her PicLens i Firefox 3 Her måtte eg bruke PicLens 1.7.0.3459 for å virke i Firefox 3 Last ned PicLens til Firefox 3 her

Fireisland.no 5 år gamal

Eg tok ein tur innon «Internet Archive – Wayback Machine» og fann den første utgåva av fireisland.no frå 2003, den var nok ein smule meir kreativ enn den er i dag.. Disse bileta er teke med Nikon Coolpix 880, i serie modus med heile 4 megapikslar, det var ganske stort i 2003!  Uansett eit artig gjensyn i tidsmaskinen til «Internet Archive«.

Andre anbefalte dykk i arkivet er:

Ny layout er implementert

Ein dag ut i ferien min og eg har endeleg gjort siste finpuss på den nye layouten til bloggen. Eg vonar at den ikkje er blitt heilt utdatert i den lange prossesen med å gjere den ferdig.

Framover vil det kome mange spanande artiklar som eg har planlagt, men som har blitt lagt på is innan det nye designet var på plass.

Kommenter gjerne om du skulle oppdaga bugs..

Apple lanserer Aperture 2

Apple Aperture 2

Eit av mange alternativ til Photoshop når det gjeld bilderedigering, og eit populært valg blant fotografer. Denne neste versjonen inneheld over 100 nye funksjonar og skal være både raskare og enklare å bruke enn den forrige. Det beste med denne neste versjonen er prisen – 1590,- nok. Dette gjer at dette også bør være eit flott alternativ til heimebrukarar som ynskjer ei programvare som er meir avansert enn iPhoto. Last ned prøveversjon og les meir om Aperture hos Apple

Published
Categorized as verktøy

Web Trend Map 2008 Beta

Web Trend Map 2008 Beta

Ei imponerande samling av dei 300 mest inflytelsesrike og suksessrike nettsidene er samla og illustrert som togkartet for Tokyo.  Du får kartet både som interaktiv RSS lesar og som A0 poster. Ei perle å ha på veggen iallefall om ein likar togkart og nettsider. Sjå det hos Information Architects Japan