Nokon Kvittra meg om Cúfon ein ny metode for å inkludere spesialfontar i webdesign. Tidlegare har jo sIFR hatt monopol på å benytte trykkfonter på overskrifter og liknande på nettsider. Men sIFR er og blir litt tungvint å implentera i webdesign, ein må til dømes inn i Flash for å klargjere fontfilene før dei kan brukast.
Farge trender 2010
I fjor skreiv eg om Farge trender 2009 basert på Clariants colorForward rapport. Eg Har sett at mange av fargane frå Fargetrender 2009 er byrja å bli brukt mykje. Det er derfor på sin plass at eg følger opp med fargetrender frå «ColorForward 2010». Rapporten identifiserar kulturelle trender og livstil trender med globalt nedslagsfelt. Og er eit viktig verktøy for designerar og andre som jobbar innanfor massekommunikasjon.
Sjå fargetrendene her:
PHP Knuser framleis andre programmeringsspråk
Eg skreiv for ei tid sidan «PHP knuser andre programmeringsspråk» basert på undersøkinga «The state of the web 2008». I dag las eg på Computerworld at nok ei undersøking stadfestar det same, utviklarar likar best å jobbe i PHP.
Les artikkelen til Computerworld her og kik på undersøkinga sjølv her
Rimis nye logo
Ja dette handlar om Rimi sin nye logo, kor kom den frå, har eg sovna i timen eller? Plutseleg såg eg ein ny logo for Rimi på skjermen. Det vil seie eg såg ein logo for eit flyselskap som kalla seg det same som ei av Noregs største daglegvarebutikkar.
Webdesign Norge samles
Eg har i det siste jobba med lage samlande nettside for webdesign i Noreg. Det finnes jo altfor mange webdesign galleri frå før, men eg saknar stadig eit galleri for norsk webdesign eller webdesign frå Noreg.
Dette behovet er no kokt i hop til Webdesignmagasinet, BETA versjonen er klar sånn omtrent.
Eit lite stykke arbeid
Det er mykje snakk om webdesign på bloggen min, men det er lite å vise til når det gjeld prosjekter eg jobbar på. Men no har eg altså endeleg blitt ferdig med eit av mine «sideprosjekt» frå 2008 – nye nettsider til møbeldesignaren Olav Eldøy.
Arbeidsmetode for brukarsentrert-design
Dette «verktøyet» gir deg ei oversikt over metodar og teknikkar som kan brukast innan brukarsentrert-design
«Generic work process» er ein guide gjennom arbeidsprosessen frå begynnelse til slutt når ein skal designa noko for brukarar. Den er designa i fem fasar, og i kvar fase oppfordras du til å lage, teste og analysere arbeidet ditt før du går videre til neste fase.
Ein miljøvennleg og gratis font
Det var vel på tide at nokon lanserte miljøvennlege fontar også? Ecofont er ein font basert på den frifonten Vera Sans, kor det er laga hull i alle teikn. Prinsippet er jo genialt enkelt – ved å bruke Ecofont, bruker du mindre blekk, altså er den meir miljøvennleg.
PHP knuser andre programmeringspråk
Folka bak SXSW konferansen har avhelde ei spørjeundersøking i web-bransjen, undersøkinga var open i 3 veker, og over 1200 deltok. No er resultata lagt ut på nettet, les nokre utdrag og dei komplette resultata her.
Det er mykje spanande lesing i resultata av undersøkinga. For eksempel 1.22% av alle som jobber i industrien, bruker IE6 som hovudnettlesar! Gamle «gode» HTML har fortsatt ca 20% som heller brukar det i staden for XHTML. Positivt at antallet på personar som validerar sidene sine er oppe på 36%. Og jQuery ser ut til å bli industristandard for Javascript på nettet. Og eit slag i trynet for alle som meinar at PHP er på veg ut, 63% brukar PHP som utviklingsspråk for systemtuvikling for nettet (webutvikling?).
Det er sjølvsagt berre eit lite utdrag av bransjen, men eg kjenner meg iallefall igjen i mange av resultata her.
Dei beste «Det beste fra 2008»
Dei siste 2 månadane har ein fått lese mange «Best of …… 2008»-artiklar, eg har heile tida tenkt at dette bør eg også skrive. Men av tidsmangel velgjer eg å heller skrive ei oppsummering av alle dei ulike 2008 oppsummeringane eg har vore gjennom – som er interessant for «webfolk».