Bra CSS bøker

bra_css_bøker

Eg kika litt i webstatistikken for webdesign bloggen min og fann ut at mange søker etter CSS bøker, utan at eg har skrive noko som helst om CSS bøker! Dette må eg endre på så her presenterar eg nokre av dei CSS bøkene eg har lese  og synes er gode bøker for å lære seg meir CSS. Mange tenkjer at CSS ikkje er noko ein treng å lære frå bøker, ein finn jo mange gode artiklar om CSS på nettet. Men CSS bøker er som oftast bygd opp meir heilhetleg enn det sporadiske artiklar er. Det finnes ikkje nokre spesielt gode bøker om CSS på norsk, iallefall ikkje som eg veit om.

Webdesigntrend: Minimalistiske bloggar

webdesigntrender minimalistiske bloggar

Ein kjem stadig over bloggar som er minalistiske, det som ofte går igjen er fargen kvit ( dette er forøvrig noko ein ser mykje av innan norsk webdesign for tida), mykje luft(whitespace), gjennomført typografi og eit overhengande fokus på å presentera innhaldet utan forstyrrande element. Devlounge har gjennomført ei lita undersøking blant 23 av dei mest anarkjente minimalistiske bloggane. Eg tenkte å vidareformidla resultata kort oppsummert på norsk.

Cufon – eit lettvint sIFR alternativ?

cufon sifr alternativ

Nokon Kvittra meg om Cúfon ein ny metode for å inkludere spesialfontar i webdesign. Tidlegare har jo sIFR hatt monopol på å benytte trykkfonter på overskrifter og liknande på nettsider. Men sIFR er og blir litt tungvint å implentera i webdesign, ein må til dømes inn i Flash for å klargjere fontfilene før dei kan brukast.

PHP knuser andre programmeringspråk

Folka bak SXSW konferansen har avhelde ei spørjeundersøking i web-bransjen, undersøkinga var open i 3 veker, og over 1200 deltok. No er resultata lagt ut på nettet, les nokre utdrag og dei komplette resultata her.

Det er mykje spanande lesing i resultata av undersøkinga. For eksempel 1.22% av alle som jobber i industrien, bruker IE6 som hovudnettlesar! Gamle «gode» HTML har fortsatt ca 20% som heller brukar det i staden for XHTML. Positivt at antallet på personar som validerar sidene sine er oppe på 36%. Og jQuery ser ut til å bli industristandard for Javascript på nettet. Og eit slag i trynet for alle som meinar at PHP er på veg ut, 63% brukar PHP som utviklingsspråk for systemtuvikling for nettet (webutvikling?).

Det er sjølvsagt berre eit lite utdrag av bransjen, men eg kjenner meg iallefall igjen i mange av resultata her.

Les alle resultata her

10 verktøy eg må ha for å overleve som webdesigner

Eg tykkjer alltid det interessant å sjå kva verktøy og metodar andre webdesignerar brukar. Så her kjem mine topp-10 mest brukte og nyttige verktøy i min jobb som webdesigner.